meny:
VELKOMEN
DYRETOLKING
ENGLAR
REGRESJONSHYPNOSE / REINKARNASJON
ARTIKLAR
INTERESSANTE FILMKLIPP
LITTERATUR
 

REGRESJONSHYPNOSE / REINKARNASJON

Det viser seg at mange også i den vestlege verda trur at vi lever fleire gonger. Eg kan, ved hjelp av hypnose, la deg få oppleve minne frå tidlegare liv. Dette er ein god måte å utvide horisonten sin, få ny tryggleik, og eventuelt bearbeide uforståelege problem. 

Det vil variere i kor stor grad folk opplever minne gjennom hypnose. Nokon er der og opplever alt på nytt, medan andre betraktar glimt på avstand. Det er stort sett frykt som er barrieren, redsel hindrar folk i å gå inn i hypnose. Til det er det berre å seie at hypnose er fantastisk behageleg og avslappande, og dei fleste ynskjer å vere i denne tilstanden og ynskjer ikkje kome ut igjen. Men det gjer ein uansett, det går ikkje an å bli "hengande igjen" i ein hypnose! 

Er du interessert i hypnose eller reinkarnasjon, viser eg til artiklane mine om desse emna under artikkelsida.


Today, there have been 1 visitors (1 hits) on this page!
 
Tru kan flytte fjell! -men det kan svare seg å starte med eit sandkorn :)
 
This website was created for free with Own-Free-Website.com. Would you also like to have your own website?
Sign up for free